Midsund Pensjonistlag markerte sitt 50-årsjubileum på Midsund Gjestestove 25. september. Lokalavisa var som vanleg invitert, og vi fekk delta på ein jubileumsfest til terningkast 6. Midsundingen stod også på talelista, og i staden for å bruke opp spalteplass i reportasjen om jubileet, så bruker eg nokre ord og linjer her i leiaren på dette, skriv Magne J. Krumsvik, redaktøren i Midsundingen i oktoberutgåva av lokalavisa.