Sommaren 2022 vil gå over i historiebøkene som ein av dei våtaste og kaldaste vi har hatt på våre kantar, i alle fall i dette årtusen. Såleis var måndagens skulestart ein «typisk sommardag» vermessig, med 12 grader, regn og vind. Underteikna forstår naturlegvis at det ikkje er noko å gjere med veret, skriv Magne J. Krumsvik, redaktør i Midsundingen, i leiaren til papiravisa for august.