Fortunate Sons leverte ein stemningsfull avslutningskonsert under Midsundfestivalen 2023. I showet "The Creedence Experience" trakk Fortunate Sons med seg det beste frå publikumssuksessane Creedence StoryNight, CreedenceMania 1970 og Cosmos Factory 50. Allsongen ljoma ut i julinatta og vart ein verdig musikalsk avslutning på årets festival.