Midsundfestivalen 2022 er like rundt hjørnet. Fredag 15. og laurdag 16. juli er dei store festivalkveldane i Midsund sentrum. Torsdag kveld "tjuvstartar" festivalen med vinsmaking på Midsund Marina. Fredag kveld er det kyrkjekonsert i Otrøy kyrkje, før det brakar laust på scena i Midsund sentrum seinare på kveld.