Det framstår som klart at dei foreslåtte kutta i ferjetilbodet vil koste Midsundsamfunnet dyrt. 5 millionar kroner i besparing for fylket vårt er ikkje verdt eit nærliggande tap av arbeidsplassar og busetting her ute, og kanskje til og med eit bortfall av elles levedyktige bedrifter, skriv Midsund Næringsforum i brevet til Møre og Romsdal fylkeskommune.