Emil Sporsheim er valt som ny leiar i Midsund Næringsforum. Det vart klart på årsmøte til næringsforumet sist veke. Ny i styret for to år er også Julian Vangen. Årsrekneskapen for 2022 viser eit underskot på i underkant av 100.000 kroner. Midsund Næringsforum har likevel over ein million kroner i bankinnskot.