Midsund Næringsforum er veldig fornøgde med forslaget i statsbudsjettet om gratis ferje til og frå mellom anna øysamfunn som Midsund. – Dette vil bety ein kostnadsreduksjon for pendlarar og bedrifter innanfor service og transport, seier styret i det lokale næringsforumet.