Etter fleire år med besøksrekordar på årsbasis har 2022 vore eit skuffande år for Midsund Marina. Heilt til i helga. Både fredag og laurdag strøymde det på med båtar som ville besøke Midsund under festivalen. Laurdag ettermiddag kunne hamnesjef Jarle Sanden glede seg over ny rekord, med heile 55 besøkande båtar.