Det skjer på Midsund Gjestestove i ei hektisk førjulstid. På menyen står mellom anna stort julebord 10. desember med musikk av Finn Erlandsen Duo. Det blir Sushiaften, Thaibuffet og sal av juletallerken. I romjula blir det open pub, der det 5. juledag også blir balldag og julequiz.