– Eit høgdepunkt på årsmøtet vårt var å gje heider og ære til ein kandidat som fremjar nynorsk. Denne gongen valde me avisa Midsundingen med redaktør Magne J. Krumsvik. Dette er ei lokalavis som dekker Otrøya, Midøya, Dryna, Magerøya og Tautra, seier Åse Marie Longva, leiar i Molde Mållag.