Senterpartiets parlamentariske nestleiar Geir Pollestad tyr til svulstige vendingar og kreativ politisk historieforteljing når han for tida forsvarer regjeringa sin modell for skattlegging av havbruksnæringa – ein modell Senterpartiet sjølv var sterkt imot for berre halvanna år sidan. Det skriv Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og næringspolitisk talsperson for Venstre, i dette lesarinnlegget.