Landbruket og bøndene har hatt store forventingar til den regjeringa som styrer landet no. Hurdalsplattforma, det politiske styringsdokumentet til regjeringa, sette høge mål for inntektsutviklinga for bøndene. Men trass i eit rekordstort landbruksoppgjer i 2022 peikar pilene feil veg, og situasjonen er særleg tøff for mjølkebøndene. Det skriv Audun Skjervøy, styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, i dette lesarinnlegget.