– Norsk matsikkerheit kan ikkje lenger basere seg på dugnadsinnsats og bønder som berre har råd til å vere litt sjuke, ha litt ferie eller bli litt gravide. Bøndene er utolmodige. Matproduksjon, landbruk og bondeinntekt bør vere blant dei øvste sakene på dagsordenen når regjeringsmedlemmene diskuterer budsjettet for neste år, skriv Audun Skjervøy, bonde og styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, i dette lesarinnlegget.