Samferdsleutvalet i fylket slår fast at nesten alle ferjesamband i Møre og Romsdal vert råka. Kutta kan likevel berre vere byrjinga på noko langt verre, ifølgje politikarane. Leiaren i utvalet, Kristin Sørheim (Sp), er krystallklar: – Det er nærast ein massakre av ferjetilbodet i fylket vårt!