Det viste seg å vere ein spisskval som stranda på Sandane torsdag. Same kveld vart det teke prøver frå kvalen etter privat initiativ frå Magnus Tornes, som er marinbiolog og jobbar hos Statsforvaltaren. Deretter tok Knut Inge Reiten og Magne Bjørnerem frå Midøy Velforening ansvar, fekk fjerna og grov ned den døde kvalen.