Endeleg var det tid for Open scene utan koronasrestriksjonar. Kulturskulekoordinator Åshild Melkeraaen ønska velkomen til dei 22 elevane som skulle opptre i Storsalen ved Midsund skule, og til alle som hadde møtt opp for å lytte. Ingvild Aas, kulturskulerektor for heile Molde, samt Gjemnes, vart presentert og ønska spesielt velkomen. Det er stas at rektoren kjem til Open scene hos oss!