Det vart ei heilt magisk juleforestilling med kulturskulen denne adventssøndagen. Samspel stod i fokus, og vi fekk høyre strykeorkester, pianoorkester, solosong med akkompagnement, klaverkvintett og rockeband. I tillegg var dramagruppa på plass med eit sjølvlaga viking-stykke i to akter, og kunstelevane heldt utstilling.