Varaordførar Odd Helge Gangstad (Sp) reagerer sterkt og er rysta over fylkesbyråkratar i Møre og Romsdal. Midt i ferien sendte fylkesbyråkratar ein uttale til NVE der dei gav klarsignal for å utrede høve for havvind utanfor heile kysten av Møre og Romsdal. No reagerer Gangstad, som er vararepresentant til kultur- næring og folkehelseutvalet.