Ein tilsett og tre brukarar i heimetenesta ved Glomstua omsorgsdistrikt er stadfesta smitta av korona. Den tilsette var uvaksinert, og to av dei smitta er no innlagt på sjukehus. Den tilsette er busett i ein nabokommune. Dei tre brukarane er heimehøyrande i Molde.