20. januar i år var første dag med massevaksinering på Midsund sjukeheim. Den gamle kommunestyresalen fekk eit nytt bruksområde, og viste seg å vere godt eigna som vaksinasjonslokale. Sidan då har det blitt satt fleire tusen stikk med koronavaksiner her, og torsdag 16. desember vart det siste stikket satt.