Molde kommune heldt ope på teststasjonen laurdag ettermiddag. 100 personar testa seg, og resultatet vart seks positive prøver. I løpet av helga (fredag til søndag) har kommunen fått melding om 43 nye tilfelle av korona, og ei rekkje skular og barnehagar er no råka av smitte.