Laurdag meldte Molde kommune at ein fullvaksinert person hadde fått positiv koronatest. Søndag kom det melding om tre nye smitta. To av dei er nærkontakter med den som vart registrert smitta laurdag, og den eine er fullvaksinert.