Molde kommune har i dag fått melding om eit koronarelatert dødsfall. Den døde vart smitta i utbrotet i heimetenesta ved Glomstua omsorgsdistrikt. Dette var ein eldre, fullvaksinert brukar som vart innlagt på sjukehus etter å ha blitt smitta, og vedkomande døde på sjukehuset.