Molde kommune har i løpet av fredag kveld og laurdag morgon fått melding om 24 nye smittetilfelle. Det er i hovudsak barne- og ungdomsskuleelevar som er smitta, samt familiemedlemmane til desse. I tillegg er to nye pasientar på Kirkebakken omsorgssenter blitt smitta.