Molde kommune sine tal for desember 2021 viser heile 221 smitta med koronaviruset i kommunen. Det er det høgste talet som er målt nokon gong. Det vart også registrert 4161 testar i desember, som er det nest høgaste talet med testing nokon gong. Berre i november 2021 var det fleire testar, med 4306.