Senterpartiet, Arbeiderpartiet, Høgre og Kristelig Folkeparti hadde før møte eigentleg avgjort saka på bakromet. Likvel vart det ein time med debatt i kommunestyret i Molde torsdag kveld. Mange politikarar hadde meiningar om Midsund, og til slutt kom altså voteringa som stoppar folkerøysting i tidlegare Midsund kommune. I alle fall i første omgang.