Trekløveret Fride Heggdal Stølen, Hanna Ræstad og Andrea Jenset frå Midsund vil rykke opp til eliteserien med Volda HK. Nøkkelkampen er neste kamp, borte mot Gjerpen HK Skien 13. mars. Laga står med lik poengsum på tabelltoppen etter 13 kampar i 1. divisjon for kvinner.