Midsund sine handballdamer vann serieopninga i Midsundhallen onsdag kveld. Etter å ha vore to mål bak til pause var det ingen tvil om kvar seieren ville gå i 2. omgang. Midsund vann til slutt 30-24. Det var topp stemning i Midsundhallen, med fullsett sal, flagg og heiarop.