Midsund sine handballdamer vann med eitt mål på heimebane i seriestarten laurdag ettermiddag. I hektiske sluttsekund var det Madelen Otting Eikebø som skåra seiersmålet tre sekund før slutt, til sluttresultatet 29-28. Det var topp stemning i Midsundhallen, der arrangøren inviterte til handballfest.