Midsund sine handballdamer har slitt med å vinne kampar i det nye året, men laurdag hadde dei marginane på sin side i Midsundhallen. 15 sekund før slutt fekk heimelaget straffekast, og Madelen Otting Eikebø gav blåtrøyene 28-27. Det vart også sluttresultatet, etter at stillinga var 12-14 til Sportsklubben Sula ved pause.