Fride Heggdal Stølen, Hanna Ræstad og Andrea Jenset frå Midsund er klar for eliteserien i handball. Det er klart etter at laget dei spelar for, Volda HK i 1. divisjon, vann 36-22 mot Levanger onsdag kveld. Volda HK har då vunne 1. divisjon for kvinner og rykkjer opp til eliteserien.