Hanna Ræstad frå Midsund tok til tårene då Volda HK ikkje klarte å halde plassen i eliteserien i dag. I den tredje kampen mot Oppsal frå Oslo vart det eit marginalt tap 33-34, og dermed blir det nedrykk for sunnmørsklubben.