Volda HK med to midsundingar på laget, tapte 21-28 for Oppsal i Volda Campus Sparebank1 Arena onsdag kveld. Dette var den første kvalifiseringskampen om å framleis stå i REMA 1000-ligaen neste sesong. No må Volda HK vinne i Oppsal Arena søndag for å få spele ein tredje kamp om å stå i elitedivisjonen.