Midsund sitt damelag endar på tredjeplass i 5. divisjon i fylkesserien etter å ha tapt 26-38 for Elnesvågen måndag kveld. Fleire av 16-åringane til heimelaget fekk sjansen på bana utover i kampen og gjorde sine saker veldig bra.