Å tape ein handballkamp med fem mål er på ingen måte utklassing, men herrelaget til Midsund leverte ein god kamp mot opprykksfavoritt Spjelkavik 2 søndag. Etter 16-10 ved pause, vart sluttresultatet 30-25. Blåtrøyene vann dermed 2. omgang med eitt mål.