Midsund sine handballdamer tapte 33-41 toppkampen mot Elnesvågen/Træff/Molde HK i Midsundhallen laurdag ettermiddag. Søndag vart det derimot seier 15-30 mot Voldastudentane på bortebane. Blåtrøyene ligg dermed på tredjeplass i 4. divisjon, avdeling 1.