Midsund sine handballherrar gjekk på eit tap på Sunnmøre laurdag ettermiddag. Ørsta 2 har vunne alle sine heimekampar så langt denne sesongen, og slik vart det også denne gongen. Midsund tapte med 15 mål, etter å ha kome under med fem mål til pause.