Midsund IL sine handballdamer startar året med to bortekampar i helga. Laurdag går turen til Fosnavåg på Sunnmøre for å møte Bergsøy i Einedalen fleirbrukshall. Søndag er det Hødd frå Ulsteinvik som er motstandar.