Midsund sine handballdamer skal spele to seriekampar på same dag søndag. Først møter dei Spjelkavik klokka 12.00, før SIF/Hessa er vertskap i Fagerlihallen klokka 17.00. 4. divisjonslaget står med full pott etter to spelte kampar heime i Midsundhallen.