Det vart uavgjort 25-25 i toppkampen mellom Hødd og Midsund i Ulstein Arena i dag. Laga bytta på å vere i føringa i kampen, og like før slutt var heimelaget i leiinga med tre mål. Midsund har innteke 2. plassen på tabellen i 4. divisjon i løpet av helga.