Midsund sitt herrelag i handball tok sitt første seriepoeng søndag. I kampen mot Volda Studentidrettslag på bortebane låg blåtrøyene lenge under, men utlikna til 21-21 halvminuttet før slutt. Dermed er det første poenget i boks etter tre spelte seriekampar.