Hanna Ræstad frå Midsund er klar for Sola HK. 25-åringen har dei siste sju sesongane spelt for Volda HK. Etter at nedrykket til 1. divisjon var klart for nokre veker sidan, har ho vore i tenkeboksen om si handballframtid. Valet fall til slutt på Sola HK i eliteserien. Ho blir lagvenninne med mellom andre Camilla Herrem.