Volda HK, med Fride Heggdal Stølen og Hanna Ræstad frå Midsund på laget, gjekk på eit stortap mot Molde Elite i Molde Arena søndag ettermiddag. Vertane, som ligg på tredjeplass på tabellen i REMA 1000-ligaen (eliteserien), styrte frå start til slutt og vann kampen 38-21 mot botnlaget i divisjonen.