– Vi kan med glede melde at Fride Heggdal Stølen har signert kontrakt for komande sesong, melder Volda HK på sine nettsider. Heggdal Stølen er ein av tre spelarar frå Midsund som tok steget opp i eliteserien denne sesongen. Korleis det blir vidare med kneskadde Hanna Ræstad og Andra Jenset er framleis uvisst.