Ema Okuot Obiech frå Midsund var ikkje i stallen då Molde HK spelte seg fram til cupfinale mot Vipers Kristiansand (Våg Elite). Ho er likevel klar for cupfinalen etter at Aker Topphåndball vart kraftig slått i Molde Arena i semifinalen onsdag kveld. Sluttresultatet vart heile 34-19 i favør Molde HK.