Midsund sine handballdamer møter topplaget Elnesvågen/Træff/Molde HK i Midsundhallen laurdag ettermiddag. Trenar for gjestane er Rolf Endre Orten, som også har trent Midsund i fleire sesongar tidlegare. No kjem han tilbake til kjende trakter for å vinne over blåtrøyene.