Midsund gav avdelingsvinnaren kamp, men til slutt vann Spjelkavik 2 med fire mål i Midsundhallen tysdag kveld. Lars Erik Haugen gav heimelaget leiinga 3-2 etter fem spelte minutt, men det var siste gong vertane var i føringa i kampen. Etter 12-19 ved pause, enda det med tap 25-29.