Midsund sitt herrelag fekk revansje mot Valder IL i Midsundhallen laurdag ettermiddag. Etter å ha tapt i første serierunde mot sunnmøringane vart det åttemålssiger til blåtrøyene denne gongen. Etter 14-13 til pause, enda kampen med 32-24.