Madelen Otting Eikebø, som spelar for damelaget til Midsund i 4. divisjon, og er toppskårar i avdeling 1, er tatt ut til RLM på Vestnes 8. februar. Saman med 16 andre spelarar frå fylket skal bakspelaren konkurrere om plass på Regional landslag Miljø (RLM) for 2006-årgangen.