Både dame- og herrelaget til Midsund IL skal spele på bortebane i helga. Damelaget skal endelig spele kamp igjen, etter over ein månad utan kampar. Turen går til Vestnes og møte med Vestnes Varfjell laurdag. Herrelaget møter Spjelkavik 2 i Borgundhallen søndag ettermiddag.